Heimelaget Pol spelte kampen på Stemmen Kunstgras i trua om at dei med seier kunne rykka opp på bekostning av Ild. Vaulen 2 hadde tidlegare på dagen meldt forfall til sin tredje kamp for året, noko som vanlegvis gjer at kampane til laget vert nulla ut. Sidan Pol har tapt begge kampane mot Vaulen 2 og Ild har tatt seks poeng på sine, ville Pol gått opp på andreplass med seier søndag om denne teorien stemmer. Sluttabellen viser at så ikkje er tilfelle. Opprykkshåpet gjorde at heimelaget kjempa som heltar og hadde eit visst overtak i kampen. Bortelaget, som trudde dette berre var ein transportetappe mot 5. divisjon, tok ikkje så tungt på oppgåva. Pol hadde eit jevnt trykk gjennom heile kampen og fekk óg den fyrste sjansen då spissen deira kom aleine med Østraat og sette ballen i stolpen. Like etter ropte heimelaget på scoring då eit overfall på Østraat førte til litt klabb og babb på mållinja, men dommaren meinte at ballen ikkje var inne og let spelet fortsetta. Litt mot spelet var det Ild som tok leiinga. Tidlegare Pol-spelar Ivan Dos Santos kom på eit av utallege raid på venstrekanten sin og fann Tom Erik Birkeland. Spissen, som har vore ute lenge med ein vond lyske, hadde ikkje gløymt gamle kunstar og scora sikkert sitt sjette mål for året. Andre omgang held fram med eit 55-45-overtak til Pol som óg klarte å få det fyrste målet i omgangen. På stillinga 1-1 tok Ild litt over og skapa fleire sjansar, men hverken Dagfinn Fylkesnes eller Birkeland klarte å overlista Pol-målvakta. Det gjorde derimot Kim Sørensen som på pasning frå Fylkesnes nok ein gong sendte Ild i føringa. Ti minutt før slutt fekk ein Pol-spiss draumetreff frå hjørnet av sekstenmeteren. Ballen fekk ei fin boge over Østraat i målet og landa fint i lengste vinkel. Fleire mål vart det ikkje i oppgjeret og FK Ild fekk med det sitt sjuande uavgjortresultat i 2011. |