Uavgjort i siste kamp

Fotballklubben Ild møtte Pol borte til ein betydningslaus siste serierunde søndag. Sjølv med eit par forfall klarte uavgjortspesialistane Ild 2-2 etter mål av Tom Erik Birkeland og Kim Sørensen og storspel av keeper-vikar Morten Østraat.

Les meir

Opprykket er sikra

Fotballklubben Ild trengte eitt poeng på dei to siste kampane før bortemøtet mot Buøy 2 for å sikra opprykket. For å vera på den sikre sida tok dei like så godt med seg alle tre ved å ta ein imponerande 4-2-seier torsdag.

Les meir

FK Ild nesten i 5. divisjon etter seier

Torsdag møtte Fotballklubben Ild Midtbygdens 2 på Midjord til den siste heimekampen i årets sesong. Motstandarane var før kampen den største trusselen mot Ild-opprykk, men Tau-laget må spela nok eit år i 6. etter at Jon Aksnes, Anders Eriksen og Krister Vold sørga for 3-1-seier til heimelaget.

Les meir

FK Ild nærmar seg opprykk

Ild møtte Vaulen 2 borte fredag kveld og er etter 4-0-seieren i førarsetet i forhold til opprykk til 5. divisjon. Kim Sørensen, Jon Aksnes (2) og Kristian Mosvær scora måla i heten på årets varmaste dag.

Les meir

Uavgjort i toppoppgjer

Storhaug FK og Fotballklubben Ild braka saman i lokal- og toppoppgjer torsdag. Sjølv om forventningane på førehand var skyhøge, vart det ein heller sjansefattig kamp som til slutt enda 0-0.

Les meir

Seier og opprykksplass

Fotballklubben Ild tok ein svært viktig heimeseier torsdag då Madla 2 gjesta Midjord. I ein kamp som vart spennande mot slutten, sørga mål av Kristian Egedahl og Jon Aksnes for at heimelaget vann 2-1 og klatra opp på andreplass på tabellen.

Les meir

Uavgjort mot sisteplassen

Torsdag kveld møtte FK Ild botnlaget Fogn heime på Midjord. Det som mange trudde skulle verta plankekøyring på forhånd, vart langt vanskelegare for heimelaget. Etter å ha vunne sjansestatistikken klart og lagt under 0-2 til langt ut i kampen, kom Ild tilbake og berga 2-2 og eitt poeng etter mål av Sindre Mo og Kim Sørensen.

Les meir

Ild til tops etter uavgjort

Fredag møtte Fotballklubben Ild Hinna 3 borte i ein kamp som kunne føra laget aleine øverst på tabellen. Etter seine mål av Jon Aksnes og Knut Hurtig Høgsand såg det ut som alle poenga skulle verta med heim til Storhaug, men eit seint dødballmål av heimelaget gjorde at kampen enda 2-2.

Les meir

Ild vann opprykkskamp

Fotballklubben Ild starta haustsesongen på best mogleg måte då serieleiar Vaulen 2 vart slått med 3-1 på heimebane. Jon Aksnes, Kim Sørensen og Johannes Worlitzsch scora i ein kamp der krampa tok dei fleste.

Les meir

Andre tap på rad for Ild

Torsdag rauk Fotballklubben Ild på sitt andre serietap for sesongen då Pol stjal med seg alle tre poenga frå Midjord. Kristian Egedahl og Jon Aksnes scora for heimelaget, men det hjalp lite når gjestane fekk dobbelt så mange ballar i nettet.

Les meir

Tungt tap på Tau

FK Ild tapte tirsdag sin fyrste seriekamp for sesongen då dei rauk 2-4 borte for Midtbygden 2 på Tau. Jon Arne Pollestad og Per Jan Ersland scora for bortelaget, men sløv forsvarspel gjorde at det ikkje haldt til poeng.

Les meir

Uavgjort i lokaloppgjer

FK Ild møtte Storhaug til lokaloppgjer og det fyrste slaget om Midjord i serien i år. Ild burde avgjort kampen i fyrste omgang då Storhaug knapt var over midtbana, men slapp inn to enkle dødballmål i andre slik at kampen enda uavgjort 2-2. Resultatet førte Ild opp på opprykksplass.

Les meir

Tap i cupen

Fotballklubben Ild er ute av Rogalandscupen 2011 etter eit ufortent 2-7-tap mot Lura. Jon Aksnes og Odd Rasmussen scora måla for Ild.

Klikk her for å sjå bilder frå kampen

Seier borte i toppoppgjer

FK Ild slo opprykkskandidat Madla 2 borte med 3-1 etter mål av Kristian Mosvær og Tom Erik Birkeland (2). www.fk-ild.no hadde desverre ingen utsendte medarbeidarar på kampen, så referat uteblir. Fotografen derimot, var på plass.

Klikk her for å sjå bilder frå kampen

Målkallas i fjerde serierunde

Etter 1-1 og 0-0 i dei to siste serierundane laga endeleg FK Ild fest igjen då Buøy 2 vart knust 7-3 på Midjord torsdag. Publikum fekk oppleva ein fartsfylt kamp med fem forskjellige målskorarar, årets mål og til tider Barcelona-takter over angrepsspelet.

Les meir

Ild rota bort tabelltopp med unødvendige uavgjortresultat

Mai starta ikkje bra for eit Ild-lag med opprykksambisjonar. Fyrst klarte Hinna 3 1-1 på Midjord etter eit sjansesløseri av dimensjonar frå heimelaget før tabelljumbo Fogn heldt Storhauglaget til 0-0 på heimebane.

Les meir

Trekning i Rogalandscupen

Fotballklubben Ild har trukke 5. divisjonslaget Lura i fyrste runden av cupen. Kampen vert spela på Midjord torsdag 26. mai kl 2015.

Lura ligg på andre plass i 5. divisjon med 4-1-0 på dei fem fyste kampane sine.

Enkelt i serieåpninga

Les meirFotballklubben Ild åpna serien 2011 med ein relativt enkel borteseier mot SIF 3. Mål av Krister Vold, Stian Økland og Odd Rasmussen og tre målgjevande frå Ivan dos Santos sikra seieren.

Les meir

Klubben i mitt hjerte

Stem på Fotballklubben Ild som klubben i ditt hjerte og hjelp oss til å vinna 25 000 kroner. Stem både heime, på jobb, hos naboen og på biblioteket. Huks at det óg går an å stemma med mobilen.

Sterk sesongavslutning av Ild

Håpet om opprykk var ute, men Fotballklubben Ild gjennomførte alikevel sesongen med stil då Madla 2 vart nedsabla med 4-1 på bortebane laurdag. Odd F. Rasmussen var i storform og scora to mål. Sindre Mo og Kim Sørensen stod for dei to siste nettkjenningane.

Les meir

Klikk her for eldre nyheter

Dette nettstedet er laget med GoOnline XP Professional